Den norske veterinærforening

Veterinærforeningen deltok på jordbrukshøring i Stortinget

19.01.2017
Høringen i regi av Næringskomiteen 19. januar 2017 handlet om endring og utvikling av jordbruket. Se og les innlegget av sentralstyremedlem Gunnar Dalen.

Se innlegg av Gunnar Dalen

Hans innlegg starter etter 46. minutter og 30 sekunder. Det er mulig å spole frem.

Her er teksten i innlegget:

Medlemmer av komiteen, takk for at eg får komma her i dag.

Eg heiter Gunnar Dalen. Eg er veterinær og sentralstyremedlem i Veterinærforeninga.

Alle er her i dag for å snakka for si sjuke mor. Eg er her for å snakka for sjuke mordyr og.

Den gode situasjonen me har i norsk husdyrproduksjon kva gjeld mattrygghet og dyrevelferd er eit resultat av langsiktig samarbeid mellom dyktige og ansvarsbevisste bønder og veterinærar, og samarbeid mellom næringa og myndigheitene. Me bruker minst antibiotika i Europa og har difor eit husdyrbruk som er berekraftig på meir enn ein måte. I tillegg til vårt fokus på dyrs velferd, eigenverd og behov, får me god hjelp av strukturen vår med mange små og spreidte bruk til å avgrensa utbrot av alvorleg sjukdom.

Situasjonen vår er unik i verdenssamanheng, og behovet for og verdien av trygg og berekraftig matproduksjon kjem til å verta enno større i framtida. Store deler av landet kan kun nyttast til grasproduksjon og beite. For at me og i framtida skal ha nok mat og trygg mat i Noreg, er det difor viktig at dykk legg til rette for husdyrproduksjon på norske ressursar i heile landet.

Viktige verkemiddel for dette er omtala i kapittel 9.3.1. Geografisk differensierte ordningar og gjeld mellom anna tilskot til veterinære reiser. Dei geografisk differensierte ordningane er treffsikre og billige i forhold til sin verdi. Tilskot som reduserer avstandsulemper er avgjerande for husdyrbruk i distriktsnoreg.

Tilskot til veterinære reiser bidrar, saman med tilskot til kommunale veterinærtenester, til at alle dyr får hjelp av veterinær når dei treng det same kvar i landet dei er.

Tilskotsordninga til veterinære reiser er klar og den er enkel. Den treffer presist der den skal, men den er kraftig underfinansiert. Difor vert diverre tilgangen på veterinær dårlegare i stadig fleire distrikt.

Dette er ein vond spiral å snu. Fleire og fleire veterinærar vel å tilby stasjonære og ikkje ambulerande veterinærtenester. Denne endringa skaut for alvor fart for nokre år sidan og held fram. Dette heng mellom anna saman med endra driftsstruktur i husdyrproduksjonen. I stadig fleire distrikt er det no i periodar ikkje mogleg å få tak i veterinær som tilbyr ambulerande veterinærtenester både på dagtid og på vakt. Dette er ei utfordring som må takast på største alvor.

Kalven som ikkje kjem ut av fødselskanalen døyr inni kua i løpet av få timar. Så vert mordyret, altså kua, sjuk og døyr.

Kalven kan ikkje forenklast vekk. Den må ut, anten gjennom fødselskanalen eller ved keisarsnitt. Dette treng bonden, kua og kalven hjelp av veterinæren til, og dei treng hjelp raskt. Veterinæren må fram, kalven må ut, og alt må skje på kort tid. Veterinær underbemanning og store avstandar frå veterinær til ku er slik bokstaveleg talt livsfarleg for kalvens og kuas velferd og liv, og svært øydeleggande for bondens matproduksjon, trivsel i fjøsstellet og økonomi.

Ei forenkling av landet på papiret vil ikkje gjera livet lettare for dei som lever i landet. Bortfall av verkemiddel som mogleggjer husdyrbruk i heile landet vil føra til redusert bruk av norske ressursar i distrikta. Det vil gi redusert matproduksjon på norske ressursar, gjengroing av innmark, beiter og utmark og fråflytting frå norske bygdesamfunn.

Utan tilgang på veterinær lar det seg ikkje gjera å driva berekraftig husdyrproduksjon. Skyssrefusjonen er eit presist verkemiddel som bidrar til å sikra dyr i liding tilgang på veterinær.

Pass på, at dykk ikkje ofrar den gode norske dyrevelferden og distriktsnoreg på forenklingas alter.

Takk.

 

Med vennleg helsing

Gunnar Dalen, sentralstyremedlem i Den norske veterinærforening

 

0 Kommentar

Kommenter saken

Du må være logget inn for å kommentere.