Den norske veterinærforening

Fast stilling som kommuneveterinær i Bykle og Valle kommunar

Bykle og Valle kommunar

Tittel: Veterinær

Stillingstype: Fast stilling

Valle kommune – hjarta i Setesdal Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Vi har flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Valle er vertskommune for kommuneveterinæren for Bykle og Valle. Valle kommune har om lag 1250 innbyggjarar. Bykle har omlag 950 innbyggjarar. Husdyrhaldet i desse kommunane er i hovudsak sau og storfe. Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/.

Fast stilling som kommuneveterinær i Bykle og Valle kommunar

Valle kommune har ledig ei fast 100% stilling som kommuneveterinær. Stillinga er ledig frå 01.01.2020.

Dyrehelsepersonellova § 3 a seier at kommunane skal sørge for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.

Kommunane har ansvar for å organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

 

Arbeidsoppgåver

  • Kombinert praksis med produksjonsdyr, hest og smådyr, inkludert inseminering
  • Deltaking i felles vaktdistrikt for Setesdal (Iveland, Evje Hornnes, Bygland, Valle og Bykle), tre eller firedelt vakt.
  • Andre offentlege oppgåver

  

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som veterinær med norsk autorisasjon
  • Førarkort og eigen bil som er egna til arbeidet
  • Eige praksisutstyr
  • Eige føretak
  • Godkjent insemineringskurs. Dersom du ikkje har godkjent kurs, pliktar du å delta på slikt kurs.
  • Veterinærens tilleggsutdanning innan og/eller erfaring med behandling av aktuelle dyreslag i området (produksjonsdyr, smådyr og hest).
  • Arbeidserfaring frå liknande vaktordningar, vi oppmodar likevel nyutdanna til å søkje

 

Personlege eigenskapar:

  • Være ansvarsbevisst
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre veterinærar.
  • Gode norskkunnskapar

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Kommunen stillar med kontor
  • Eit spennande fagleg miljø i utvikling
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod
  • Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

For meir informasjon ta kontakt med rådgjevar plan og landbruk Kristin Furuløkken på telefon 917 28 460 eller e-post til kristin.furulokken@valle.kommune.no                     

CV, vitnemål, attestar og kopi av norsk autorisasjon skal lastas opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplasser i Valle kommune skal pregas av mangfold.
 
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. 
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Søknadsfrist: 19.01.2020