Det fyrste møtet denne hausten er 15. oktober klokka 20.00-21.30 og på grunn av smittesituasjonen mtp. COVID-19 ser me det nødvendig og samlast online.

Me får stadig bekymringsmeldingar om lause kaninar og dårleg dyrevelferd. Difor ynskjer me å gå gjennom Mattilsynet sin nye kaninveileder og starte ein dialog med dykk om korleis me kan betre kaninvelferda.

Dersom du ynskjer å vere med, send e-post til ann.therese.kommedal@mattilsynet.no innan 12. oktober, og du vil få tilsendt invitasjon til online arrangement.

Det vil vere vanskeleg å tilby noko godt å ete på eit slikt arrangement, men me håpar at du vil sette deg godt til rette framfor datamaskinen, ha med deg ein kopp te, eller anna god drikke, popcorn, eller det du måtte ynskje, og kroe deg opp i sofaen. Når me ikkje får treffast fysisk, kan me i alle fall ha det kjekt online!

Vel møtt!