Den norske veterinærforening

Stilling ledig i kombinertpraksis

Ulsteinvik

Tittel: Veterinær

Stillingstype: Fast stilling

Jobb på Sunnmøre?

Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik søkjer etter ferdig utdanna veterinær til kombinertpraksis med mykje smådyr.

Oppstart etter avtale, men gjerne snarast råd.

Stordyrpraksisen dreier seg hovudsakelig om storfe (med inseminering) og noko sau, hest og gris. Vaktdistriktet er relativt lettkøyrt med litt øypraksis. Du bør ha eige føretak, eigen bil og praksisutstyr. Inseminasjonskurs er påkrevd.

Dersom du ønskjer å fokusere mest på smådyr (og særleg innan kirurgi) er dette veldig interessant for oss, men deltaking i 3/4-delt kommunal vakt med inseminering må påreknast.

Smådyrklinikken er romsleg og velutstyrt med røntgen, tannrøntgen, ultralyd, operasjonsrom, gassanestesi, osb, og aktiviteten er stor.

Vi er eit ungt og triveleg fellesskap med 3 veterinærar (kanskje du er den fjerde?), 1 dyrepleiar og 5 assistentar.

Har du arbeidslyst, godt humør og gode samarbeidsevner passar du fint inn saman med oss!

Ulsteinvik ligg på vakre Sunnmøre, ein liten time utanfor Ålesund. Området kan by på veldig gode mogelegheiter for ulike friluftsaktivitetar, frå hav til fjell.

Ta kontakt med veterinær/dagleg leiar Henriette Wiik Larsen henriette.wiik.larsen@gmail.com (tlf 91320593) for søknad og CV.

Søknader vert vurdert fortløpande.