Gloppen har hatt fire dyktige veterinærar i stordyrpraksis og vaktordning. Ein av veterinærane har bytta beite og vi ser no etter ein ny kollega som kan hjelpe til med å imøtekomme behova til bøndene våre og sikre ein akseptabel vaktbelastning. 

Gloppen vaktdistrikt omfattar Gloppen kommune og bygda Utvik i Stryn kommune. Distriktet er lettkøyrd med korte avstandar. Området har jf. søknad om produksjonstilskot 4890 søyer, 1886 mjølkekyr, 336 ammekyr fordelt mellom store og små mjølke- og sauebruk. I tillegg er det nokre geitebruk, griseprodusentar, ein del hest, høns og smådyr. I kommunen har vi og ein veterinær med eigen smådyrklinikk.

Gloppen ligg i Nordfjord midt mellom Bergen og Ålesund. E39 går gjennom kommunen, og her er eigen flyplass med direktefly til Oslo. Vi har god plass og frodige landskap frå fjord til fjell. Her finn du gode forhold for friluftsliv, jakt, naturopplevingar og eit rikhaldig kulturliv. Ein hyggjeleg plass både å jobbe og bu! 

Kvalifikasjoner

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær
  • Krav om norsk veterinærautorisasjon
  • Godkjent insemineringskurs (Geno)
  • Du må kunne norsk, munnleg og skrifteleg.
  • Du må ha eige føretak og disponere eigen bil og utstyr. Førarkort kl B.

Hva vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt fagmiljø, variert praksis og rom for fagleg utvikling.
  • Deltaking i firedelt vakt.
  • Kommunalt driftstilskot. Kr 580 000 delt på veterinærane som er med i vaktordninga.

Avtala gjeld frå d.d. til 28.02.2027 med rom for lenging. Oppseiingsfrist er 3 månader. 

Søknad

For nærare informasjon, ta kontakt med landbrukssjef Trine Alme på telefon 97 99 10 48, eller ein av våre veterinærar:

  • Eivind Reed 91 77 75 02
  • Maren Øygard 95 86 93 00
  • Mathilde Dæhlin 91 31 83 17

Utlysinga av veterinærvakttenester finn du på Doffin.