Ledig jobb frå september-oktober. Indre Hardanger vaktdistrikt søkjer veterinær i ambulatorisk praksis med vakt, ordinær kommunal vaktkontrakt. Stillinga omfattar og arbeid som tilsett i 20% stilling på Hardanger Dyreklinikk AS.

Me ser etter ein serviceinnstilt veterinær som har interesse for å arbeida allsidig med alt frå produksjonsdyr til hest og smådyr. Stillinga har stor fleksibilitet knytt til arbeidsoppgåver og arbeidsturnus. Du vil verta ein del av eit godt arbeidsmiljø med erfarne kollegaer og trivelege bønder. Kollegaene har god erfaring i hjelp og rettleiing av kollegaer, alltid nokon å rådføra seg med. Inkluderande både fagleg og sosialt.

Ullensvang er ein stor landbrukskommune i Indre Hardanger i Vestland fylke. Kommunen har eit folketal på om lag 11.000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av bygder med fantastisk natur nær fjellheimen eller langsmed fjorden. Ullensvang har eit variert tilbod med gode turmogelegheiter både sommar og vinter. Me har eit rikt kulturliv, samt frivillige lag og organisasjonar som ynskjer nye medlemar velkomen.

Kommunen har behov for arbeidskraft innan næringsliv, industri, helse og omsorg, om du har ein partner. Gode oppvekstvilkår med BHG og skule. Me hjelper så godt me kan med å skaffa bustad.

Personlige egenskaper

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med fleire veterinærar.
  • Serviceinnstilt

Kvalifikasjoner

  • Utdanna veterinær med norsk autorisasjon.
  • Gjennomføra Geno seminkurs innan november.
  • Driva eige føretak.
  • Førarkort og eigen bil (4WD).
  • Ynskjeleg med arbeidserfaring, men me oppmodar og nyutdanna til å søkje.
  • Veterinæren må busetja seg i Ullensvang kommune.
  • Gode norskkunnskapar.

Hva vi tilbyr

Plikter og økonomiske rammer:

  • Kommunalt driftstilskot kr. 30 000,- per månad.
  • Deltaking i kommunal veterinærvaktordning med vakt utanom ordinær arbeidstid; kveld, natt og helg. Vaktgodtgjersla etter sentral avtale.
  • Vaktordninga er 4-delt på helg og 3-delt på kvardagar.
  • Deltaking i vaktordning dagtid kvardag (kl 08:00-16:00). Finansiert av stimuleringstilskot, i 2024 utgjorde det kr. 1850,- i fast dagsats for beredskap.
  • Ordinære inntekter frå produksjonsdyrpraksis som næringsdrivande.
  • Tilbyr leige av komplett praksisutstyr til ambulatorisk praksis.
  • Tilsetjing hjå Hardanger Dyreklinikk AS ein dag i veka, med moglegheit for utviding. Løn etter tariff.
  • Tilgang på klinikklokale til oppdrag på akuttvakt, eigen avtale med klinikken.
  • Stimuleringstilskot til kurs og etterutdanning når søknad er blitt innvilga hjå fylket.

Søknad

Er du interessert og vil forhøyra deg kontakt veterinær Ingrid Dale: 909 56 635/ dyrlegepost@stegaflot.no.

For andre spørsmål kontakt Ullensvang kommune sin landbruksavdeling ved Lisa Karine Haugland: 919 96 175/ lisa.haugland@ullensvang.kommune.no.

Søknad med CV og referansar sendast til: postmottak@ullensvang.kommune.no eller til Ullensvang kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda.