Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik søkjer etter ferdig utdanna veterinær til fast jobb i kombinertpraksis med mykje smådyr. Oppstart snarast råd eller etter nærare avtale. 

Ulsteinvik ligg på vakre Sunnmøre, ein liten time utanfor Ålesund. Området kan by på gode mogelegheiter for ulike friluftsaktivitetar, frå hav til fjell. To flyplassar ligg i nærleiken (Ørsta/Volda og Vigra flyplass). Ulsteinvik er ein triveleg liten by med eit godt tilbod av det meste (sjå https://vimeo.com/291984742). 

Etter nyttår blir vi to veterinærar, men ønskjer å vere tre eller fire i gruppa. I fellesskapet på klinikken vår har vi elles ein dyrepleiar og fleire assistentar. 

Smådyrklinikken er romsleg og velutstyrt med røntgen, tannrøntgen, ultralyd, lab, operasjonsrom, gassanestesi, osb, og aktiviteten er høg. Stordyrpraksisen dreier seg hovudsakelig om storfe (med inseminering), ein del sau (sesong), litt hest (potensiale for meir), litt gris i tillegg til nokre eggprodusentar (helseavtale). Vaktdistriktet er relativt lettkøyrt med litt øypraksis. 

Deltaking i 3/4-delt kommunal vakt.

Vi tilbyr tilsetting på smådyr på dagtid, medan stordyr og vakt fakturerast frå eige føretak. 

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner, positiv og påliteleg
  • Arbeidslyst og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Allsidig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon
  • Sjølvstendig næringsdrivande med eigen bil og eige praksisutstyr (vi kan supplere)
  • Inseminasjonskurs
  • Litt erfaring innan smådyr- og stordyrspraksis er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Interesse for hest inga ulempe
  • Særleg interesse for å utvikle tilbodet innan smådyrkirurgi er interessant

Hva vi tilbyr

  • Eit triveleg og godt kollegialt fellesskap
  • Variert arbeid i eit flott distrikt
  • Opplæring etter behov 
  • Tilbyr tilsetting på smådyr på dagtid 
  • Kommunalt driftstilskot 
  • Distriktet kvalifiserer til stimuleringstilskot
  • Kan vere behjelpelege med bustad i starten
  • Fleksibilitet mtp arbeidsturnus

Søknad

For ein prat og meir info, ta kontakt med veterinær og daglig leiar Henriette Wiik Larsen, tlf 91320593.