Veterinær i vaktdistrikt 56 

(Bjørnafjorden aust, Samnanger, Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad og Tysnes)

Vår veterinær treng ein ny kollega, ein veterinær i 100% stilling. Vi treng ein veterinær som kan vere med i stor- og smådyrklinikk og som deltek i vaktordning. Vi byr på eit godt fagmiljø med gode moglegheiter til utvikling. Opplæring vil bli gitt.

Det er etablert ein ny klinikk på Tysnes med gode mogelegheiter til vidareutvikling.

Vi tilbyr ein variert praksis i vakre omgjevnader og med trivelege bønder og smådyreigarar.

Kommunen skal etter dyrehelsepersonellova §3a sørge for tilfredsstillande tilgang på dyrehelsepersonell. Kommunane i vaktdistrikte støttar veterinærane med driftstilskot på kr 450 000 pr veterinær/år og det blir utbetalt vakttilskot etter faste satsar. 

Arbeidsoppgåver

Vaktområdet strekk seg over fire landbrukskommunar med mjølkekyr, sau, ammekyr, geiter og hest

(responstid ca 1-1,5 time).

Kvalifikasjoner

Kvalifikasjonar

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær
  • Krav om norsk veterinærautorisasjon
  • Godkjent insemineringskurs (Geno)
  • Du må kunne norsk, munnleg og skrifteleg.
  • Du må/bør ha eige føretak og disponere eigen bil og utstyr. Førarkort kl B.

Hva vi tilbyr

Kva vi tilbyr

  • Deltaking i vakt. Turnus ordning, eller andre løysingar, etter eige ønskje/behov og avtale med dei andre veterinærane.
  • Godtgjering for klinisk veterinærvakt. Godtgjersle for inseminasjon. Køyregodtgjersle etter statens satsar.
  • Kommunalt tilskot kr 450 000 årleg.
  • Felles kontor/klinikk med utstyr for smådyrpraksis på Tysnes.
  • Avtale frå 1.10.2023 til 31.12.2025, med tilbod om vidare avtale. Oppseiingsfrist 3 mnd.
  • Andre ordningar kan avtalast, t.eks. kommunal tilsetting heilt el delvis m/studielånstøtte, bilordning m.m.

Søknad

For nærare informasjon kontakt landbrukssjef Simon Wolff, mob: 47285087, epost: siwo@bjornafjorden.kommune.no eller veterinær Martin Aarseth, mob:90127021

Vaktdistrikt 56 strekkjer seg frå Samnanger i nord til Tysnes i sør, frå Kvinnherad nord for Hardangerfjorden til Bjørnafjorden. Vaktdistriktet har rundt 290 landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot, store og små mjølkebruk, sau og geitehald, Her er god plass, frodig og grønt, med alt frå kystlandskap til dalføre. Her er gode forhold for friluftsliv, jakt og naturopplevingar. Ein hyggeleg plass å jobbe og bu.

Velkomen til å søkje hos oss.