Stranda kommune søkjer veterinær i 60 -100 % stilling til kombinert veterinærpraksis (smådyr og produksjonsdyr)  frå 01.07.2023 og i fyrste omgang ut 2023. Vidare engasjement kan bli aktuelt med atterhald om økonomiske løyvingar. 

Kommunen er del av vaktdistrikt Stranda og Sykkylven, med maks 1 1/2 times køyring mellom ytterpunkta. I Sykkylven inngår inseminering i praksisen, men ikkje i Stranda.    

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv.
Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
Sykkylven er ein landbrukskommune med ca. 69 aktive landbruksføretak med mellom anna 334 mjølkekyr, 76 ammekyr, 709 anna storfe og 2 152 sauer.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i tre-delt klinisk veterinærvakt-tenester i Stranda og Sykkylven veterinærvaktdistrikt. Innretning på vaktordninga vert gjort i samarbeid mellom kommunane og noverande veterinærar.
  • Utføre inseminasjonstenester i Sykkylven
  • Ev. andre oppgåver etter avtale
  • Det kan bli aktuelt å delta i anna veterinærarbeid for ein annan arbeidsgjevar (smådyrklinikk og Mattilsynet)

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling vert vektlagt.
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær.
  • Du må ha god framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg.

Kvalifikasjoner

  • Krav om norsk autorisasjon som veterinær
  • Godkjent inseminasjonskurs (Geno), evt kan arb.gjevar kompensere for utgifter til kurs
  • Du må ha førarkort kl. B. Kommunen er villig å diskutere avtale om tilgang på bil og utstyr.
  • Nyutdanna vert oppfordra til å søkje

Hva vi tilbyr

  • Godtgjering for klinisk veterinærvakt etter gjeldande satsar
  • Godtgjering for inseminasjon etter gjeldande satsar
  • Lønn etter avtale
  • Vi kan hjelpe til med utstyr og journalsystem
  • Køyregodtgjersle etter staten sine satsar ved bruk av eigen bil
  • Fleksibel arbeidskvardag med smådyr, storfe, sau, geit og hest.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for tilsette. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Søknad

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.