Vikariat som veterinær/ferie- og sesongveterinær i Naustdal/Sunnfjord. Varigheit t.o.m. august 2022. Start ved første høve som vikar i Naustdal t.o.m. februar 2022. Deretter sesong- og ferieveterinær med stordyrpraksis i Sunnfjord og på smådyrklinikk. Deltaking i vaktordning heile perioden.

Sunnfjord kommune er den største landbrukskommunen i Vestland. Her er det fjord og fjell med gode moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Er du interessert i jakt og fiske er område eit eldorado, og det er eit rikt idretts- og kulturliv med tilbod for dei fleste.

Hva vi tilbyr

Vi kan tilby moglegheiter for god inntening. Står du i vikariatet t.o.m. februar 2022 vil du få godtgjering/tilskot frå Sunnfjord kommune på 40 000 kr/mnd. Godtgjeringa gjeld berre for månadane f.o.m. oktober 2021 t.o.m. februar 2022. Vaktgodtgjersle ca 15 - 20 000 kr/mnd. Inntekt som sesong- og ferieveterinær i Sunnfjord.

Det blir høve til å låne utstyr til stordyrpraksis. Fagleg oppfølging frå veterinærane i Naustdal/Sunnfjord. Det kan opne seg moglegheiter for vidareføring som eit permanent engasjement i Sunnfjord kommune, knytt til smådyrklinikk og stordyrpraksis frå hausten 2022. Vi kan eventuelt hjelpe til med å skaffe deg bustad.

Søknad

Høyrest dette spennande ut må du sende oss ein søknad. Ta kontakt dersom du har spørsmål.