Vikariat i kombipraksis
Herøy kommune og Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik søkjer etter vikar til kombinertpraksis med mykje smådyr frå snarast råd fram til mars 2027 pga permisjonar og sjukdom.
Ulsteinvik ligg på vakre Sunnmøre, ein liten time utanfor Ålesund. Området kan by på veldig gode mogelegheiter for ulike friluftsaktivitetar, frå hav til fjell. To flyplassar ligg i nærleiken (Ørsta/Volda og Vigra flyplass). Ulsteinvik er ein triveleg liten by med eit godt tilbod av det meste.
I fellesskapet på klinikken har vi ein dyrepleiar og fleire assistentar. Klinikken er middels stor med høg aktivitet. Den er romsleg og velutstyrt med digitalt røntgen, ultralyd, ny tannunit, tannrøntgen, gassanestesi, integrert Idexx-lab, mm. Vi nyttar Provet Cloud som journalsystem.
Stordyrpraksisen dreier seg hovudsakelig om storfe (med inseminering), ein del sau i sesong og litt hest. Vi har også helseavtaler hjå nokre få fjørfe- og svineprodusentar i tillegg til ein del DVP-besøk på storfe og sau. Vaktdeltaking i 2 eller 3-delt (mai og juni) til 4 eller 5-delt (frå juli) kommunal vakt kjem i tillegg. Vaktdistriktet er relativt lettkøyrt med litt øypraksis og dekkjer kommunene Hareid, Herøy, Ulstein og Sande. Det kan også bli behov for å supplere litt i nabodistriktet Ørsta i sommar. Dagpraksis delast mellom stordyr og smådyr etter nærare avtale (hovudsakleg stordyr i mai og juni, meir smådyr frå juli).
Personlige egenskaper
Har du arbeidslyst, godt humør og gode samarbeidsevner passar du fint inn saman med oss! Du bør ha evne til å arbeide sjølvstendig. Erfaring innan smådyrspraksis er ein fordel.
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som veterinær
- Snakkar godt norsk
- Har inseminasjonskurs
- Har naudslaktkurs
- Eige føretak og egna bil og utstyr til vakt/stordyrpraksis
Hva vi tilbyr
Støttande, fleksibelt kollegafellesskap. Vi har per no ein kontordag kvar i veka til fri bruk. Vi kan evt bistå med bustad i starten om ønskjeleg.
Herøy kommune bidreg med 500 000 kr i driftstilskot per år og distriktet kvalifiserer til stimuleringstilskot etter årleg søknad.
Søknad
Oppstart raskast råd etter avtale. Vi ser fram til å motta din søknad! Ta kontakt om du ønskjer meir info.
Søknad og cv til:
Landbrukssjef Anne-Kathrine Løberg, anne.kathrine.loberg@heroy.kommune.no (tlf 90034380)
Veterinær/daglig leiar Veterinærkontoret AS Henriette Wiik Larsen henriette.wiik.larsen@gmail.com (tlf 91320593)
Søknader vert vurdert fortløpande.