Veterinærdistriktet treng vikar under lammingsperioden, som også kan tenkje seg å delta i veterinærvaktordninga. Autorisasjon og erfaring blir vektlagt.

Det kan vere aktuelt å utvide engasjementet.

Fast dagsats på kr 3000,- pluss vaktgodtgjersle. Alternativ honorering kan diskuterast.

Veterinærdistriktet består av Stranda og Sykkylven kommunar, med maks 1,5 timar køyretid mellom ytterpunkta, ingen ferjer. Kommunane har eit aktivt landbruksmiljø med engasjerte bønder. Praksisen på produksjonsdyr omfattar i hovudsak mjølkekyr og kjøtfe inkl. semin, samt sau, geit og gris. Det er også hest i distriktet. Veterinæren vi har eit engasjement med i dag har ein liten, godt utstyrt smådyrklinikk i Sykkylven.

Personlige egenskaper

Du må kunne arbeide sjølvstendig.

Kvalifikasjoner

Norsk autorisasjon eller tilsvarande.

Hva vi tilbyr

Stranda ligg sentralt i hjarte av Sunnmørsalpane. Vi har fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og eit variert og rikt kulturliv. Kommunen har bl.a. det største skisenteret på Nordvestlandet.

Søknad

Send inn søknad og dokumentasjon på e-post.