Den norske veterinærforening

Veterinær til Tinn vaktdistrikt

Tittel: Veterinær

Stillingstype: Fast stilling

Vi søkjer autorisert veterinær til å delta i veterinærvaktordning i Tinn vaktdistrikt som omfattar Tinn kommune og Gransherad i Notodden kommune.

For å dekke behovet er det i dag 4 veterinærar i vaktordninga. Ein av våre veterinærar går av med pensjon i nær framtid.  Ledig funksjon utgjer om lag 35 % i vaktordninga.  Vaktordninga gjeld frå 16.00 – 08.00 på kvardagar og i helger og helligdagar.  Avtaleperioden vil vere frå tiltreding  til 1. september 2021.

Vaktgodtgjersla er i medhald av sentral avtale. For å stimulere til etablering av ny veterinærpraksis i distriktet, tilbyr kommunane også eit driftstilskot på 25.000 kr pr månad for nyetablert veterinær i kontraktperioden.

Veterinæren i vaktordninga skal utføre tenesta i tråd med dei krav som er stilt til veterinærar i lov av 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanna veterinær med norsk autorisasjon
  • Førarkort og eigen bil som er egna til arbeidet
  • Eige føretak
  • Dokumentert kunnskap innan inseminering

 

I tillegg vil vi legge vekt på:

  • Veterinærens tilleggsutdanning innan og/eller erfaring med behandling av aktuelle dyreslag i området (produksjonsdyr, hest og smådyr).
  • Arbeidserfaring frå liknande vaktordningar, vi oppmodar likevel nyutdanna til å gje tilbod.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med øvrige veterinærar.
  • Gode norskkunnskapar

 

For at veterinærvaktordninga skal kunne gjennomførast forsvarleg, krevjast det at veterinæren oppheld seg i eller i nærleiken av vaktdistriktet i vaktperioden, maks responstid 1,5 timar.

Konkurransegrunnlag med tilhøyrande dokument kan hentast på Tinn kommune si heimeside www.tinn.kommune.no 

Tilbodsfrist: 19. desember 2018

Tilbod merkast «Sak 2018/2100» og sendast på e-post til: postmottak@tinn.kommune.no

For nærare opplysningar om konkurransegrunnlag og andre spørsmål, kontakt Dagfinn Jaren på e-post:  dagfinn.jaren@tinn.kommune.no