Den norske veterinærforening

Veterinærvakta for Luster, Sogndal og Leikanger søkjer veterinær

Tittel: Veterinær

Stillingstype: Fast stilling

Veterinærvakta for kommunane Luster, Sogndal og Leikanger er organisert som tredelt vakt.

Inneverande anbodsperiode strekkjer seg fram til 31.10.2021.

Ein av veterinærane i vaktsamarbeidet har gått over i anna stilling og det vert søkt etter erstattar så snart som råd og ut perioden.

I tillegg til deltaking i vaktsamarbeidet utanom kontortid, inneber stillinga vanleg veterinærpraksis på dagtid, hovudsakleg på storfe og småfe, men også noko smådyr.

Eit felleskontor står til disposisjon og dette er godt eigna for utvikling av tilbod for handsaming av smådyr.

Det er også gode moglegheiter for utvikling av tilbod retta mot hest.

Sogn er eit av dei flottaste friluftsområda i landet med mange moglegheiter knytt til fjord og fjell både sommar og vinter. Her er stor spennvidde mellom rolege bygder og urbane tilbod i regionsenteret Sogndal.

Veterinærdistriktet har full vaktgodtgjering, i tillegg betalar kommunane ut eige lønstilskot til dei som deltek i vaktsamarbeidet og Geno yter godtgjering for insemineringsarbeid.

Krav til søkjar: Norsk autorisasjon, godkjent inseminasjonskurs, må kunna norsk flytande, evne til å arbeida sjølvstendig, disponera eigen bil og utstyr.

Søknader skal sendast til Luster kommune, adr.: Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, ev. som e-post til postmottak@luster.kommune.no

Søknadsfrist 01.10.2019.

Opplysningar om stillinga kan rettast til Oddfrid Vange Bergfjord, tlf. 99519723, eller e-post: oddf-van@online.no