Den norske veterinærforening

Vikariat i kombinert praksis til juni 2020

Volda og Ørsta

Tittel:

Stillingstype: Vikariat

Vi har behov for ein kjekk kollega i kombinert praksis med inseminering.

Det er snakk om eit sjukevikariat, og vi treng deg frå august 2019 og minimum ut mai 2020.

Volda og Ørsta har kring 20.000 innbyggjarar, og eit aktivt husdyrhald med kring 95 mjølkebruk, 10 ammekubuskapar, 6 bruk med mjølkegeit, 5 bruk med purker, 170 sauebuskapar.
Det er også ein heil del hest i området.

Praksisen er variert, med relativt mykje køyring og ferjer.
Vi har kontorfelleskap i Ørsta og der er også ein smådyrklinikk som du kan få arbeide på om du ynskjer dette. Det vert 3-delt vakt, men normalt ikkje heile veker, og i høgsesongen for inseminering må du rekne med å arbeide enkelte helgar også.
Vi har tradisjon for å vere fleksible med kvarandre slik at du vil kunne få høve til langhelgar og liknande. Kommunene yter eit moderat driftstilskot.

Har du arbeidslyst, god fysikk og godt humør – ta kontakt med oss, og send ein enkel søknad på epost: dyrlegen@tussa.com innan 15 juli 2019

Du kan også kontakte oss på mobil: Anne Stine Foldal Aam 959 42 595 og Per Navelsaker 900 70 878