Den norske veterinærforening

Vil du jobbe som veterinær i Nordfjord?

Nordfjord

Tittel: Veterinær

Stillingstype: Fast stilling

Søknadsfrist: 20. november 2017

Mattilsynet skal sikre trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet har ansvar for å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeidarskap.

Mattilsynet, Region Sør og Vest har totalt 8 avdelingar. Avdeling Nordfjord dekkjer kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Bremanger, Hornindal, Stryn, Gloppen.

Nordfjord har gode kommunikasjonar, variert natur med mange fritidssyslar og ideell som buområde også for småbarnsfamilie. 1 time frå Sandane flyplass som har direkteruter til Oslo. 2 avgangar dagleg med hurtigbåt til Bergen.

Avdelinga skal utføre alt lokalt tilsyn og fatte vedtak for Mattilsynet. Avdelinga har 18 tilsette fordelt mellom kontorstadar i Måløy og Loen. Vil du bli vår nye medarbeider?

Vi har ledig fast stilling som veterinær i kjøttkontrollen i kombinasjon med tilsynsoppgaver innan dyrehelse/dyrevelferd. Kontorstad for stillinga er i Loen. Les meir om stillinga her: https://www.webcruiter.no/WcMain/CvJobRespond1.aspx?company_id=2862016933&oppdragsnr=3587076506&link_source_id=0&par=