Den norske veterinærforening meiner:

  • Norske husdyrprodukt skal vere fri for reststoff og vere produsert etter høge etiske normer.
  • Veterinærar skal ha ei restriktiv haldning til bruk og utlevering av medisin til matproduserande husdyr. All medisinbruk skal vere basert på ein diagnose og om naudsynt vere verifisert ved prøvetaking. Norden er i ei særstilling når det gjeld antibiotikaresistens og norske veterinærar vil framleis bidra til denne gunstige situasjonen.
  • Veterinæren er ansvarleg og skal vere den som set i gang all medisinbehandling av husdyr. Dersom husdyreigar skal setje i gang slik behandling, må dette berre skje etter avtale med veterinæren og blir journalført. Utlevering av medisin til påkommande tilfelle bør ikkje skje.
  • I buskapar med mykje sjukdom eller høg medisinbruk bør veterinæren tilby å gje råd om førebyggjande tiltak.
  • Lovverket som regulerer medisinbruken til dyr er i stadig endring. Veterinærane skal halde seg oppdaterte om og skrive ut medisin i samsvar med gjeldande reglar. Ved val av type antibiotika gjeld: ” Terapianbefalinger: Bruk av antibakterielle midler til produksjonsdyr, Nytt om legemidler, Supplement 1, april 1998” og gjeldande MRL-regelverk.
  • Sjuke produksjonsdyr som lir skal ha adekvat behandling eller avlivast.

Lenke til standpunkt om medisinbruk (PDF, 114KB)

2015