Til alle medlemmer i DNV-P.

På årsmøtet i DNV-P under Veterinærdagane i Trondheim vart det valt nytt styre.

Me har no hatt vårt fyrste styremøte, og var der samde om at det er svært viktig med god kontakt med alle medlemmer. De treng vita kva vi gjer, og like viktig er det at me som styre får god kjennskap til kva de ynskjer me skal gjera.

DNV-P er den delen av DNV der alle pensjonistmedlemmer er organiserte. Me utgjer opp mot 10 % av medlemsmassen. Me må finna ut kva DNV kan gjera for den einskilde av oss og for oss som gruppe.

Ei av dei fyrste sakene me har teke opp, er kor lenge me som veterinærar skal behalda autorisasjonen. I dag misser me denne når me fyller 75 år, dette ynskjer me forlenga. Me går inn for den svenske modellen der ein har autorisasjon livet ut.

Men det er og viktig å få fram at me som gruppe set inne med mykje erfaring og kompetanse. Me ynskjer gjerne å vera med å yta noko tilbake.
Me trur at det både i fagleg og sosial samanheng er viktig at alle veterinærar er representerte, alt frå studentar til pensjonistar.

Det er ikkje tvil om at styrken til ei gruppe heng nøye saman med kor mange me er. Det er derfor viktig at alle medlemmer av DNV som vert pensjonistar, vert verande i foreningen og i DNV-P.

Det er kan henda lett å tenkja at når ein sluttar som yrkesaktiv treng ein ikkje lengre nokon fagforening. Men i våre dagar har dei fleste mange gode år framføre seg etter pensjonsalderen er nådd. Då vil ein kunna ha stor glede og nytte av eit fagleg og sosialt fellesskap.

Dersom du kjenner kollegaer som har meldt seg ut av DNV som pensjonistar, snakk med dei og fortel kva dei går glipp av.

Som medlem av DNV-P vil ein til ein sterkt redusert kontingent få tilsendt Norsk veterinærtidsskrift og samstundes kunna nytta seg av alle dei medlemsfordelene foreningen sine medlemmer har.

Dersom du som medlem har noko du vil me i styret i DNV-P skal ta opp, må du kontakta ein av oss.

Me er her for å gjera ein jobb for medlemmane.

Helsing
Karl Lunde, 91148118, e-post
Gro Voldner Birkeland, 95841575, e-post
Arne Mjøs, 41459420, e-post
Lars Omenås, 99247764, e-post
Martin Binde, 94154950, e-post
Svein Bakke, 90184010, e-post